Om Oss

Stormgust Trepleie AS held til i ei flott lita bygd på Sunnmøre som heiter Tjørvåg og vart etablert 2020. Vi utfører trepleie og felling innan privat- og næringsmarknaden. Det er berre å ta kontakt med oss skulle de trenge ein arborist til entan å felle eit tre eller gjeve det eit stuss. Vi finn ei løysing som passar deg.

Stormgust Trepleie AS tek seg av alle type oppdrag innan arboristyrket som felling, trepleie og konsultasjon. Vi tilbyr tenester knytta til forvalting av tre i park og byrom. Dette omfattar tilstandsvurdering, taksering, registrering og vern. Vi tilbyr også tenester rundt bevaring av kulturlandskap og fjerning av svartelista tre.

Kontakt oss for ein hyggeleg og uforpliktande prat!

Trefelling

Vi har det vi treng av utstyr til å ta oss av dei aller fleste oppdrag. So vi vil gjerne hjelpe deg med ditt tre. Om det gjeld fleire tre eller berre eit tre i hagen eller tomta di so kan vi felle det. Står treet i nærleiken av hus eller annan infrastruktur so er seksjonsfelling eit godt alternativ. Dette ...

Trepleie

Vi bruker sele og tau for å klatre rundt i treet når vi beskjerer. Dette betyr at vi kan kome oss rundt i heile trekrona, og kan jobbe utan behov for kran eller lift. Vi kjem gjerne på befaring for å sjå på trea og diskutere alternative løysingar for at trea skal vere sikre og samtidig sjå pene ut. Stormgust ...

Fagkonsultasjon og Vern

Der er lover og forskrifter som både stiller krav til vern og ivaretaking av trua treslag som til dømes eik. Dette gjeld òg historiske tre eller tre på verna område. Vi hjelper deg til å finne ei løysing om dette skulle gjelde eit tre på din eigedom. Kvifor er det viktig å regulere felling av tre? Vi har ansvar for ...